Styringsdokument
Vedtekter
Stiftinga skal ha som føremål å koordinere og samordne den samla innsatsen i høve verdsarvstatusen for Nærøyfjordområdet. Stiftinga sine vedtekter kan du lese her
Parkplan
Parkplanen er ein langsiktig strategi- og handlingsplan som skal fungere som styringsdokument for Nærøyfjorden Verdsarvpark.
Planen består av to delar, der del ein omhandlar kva Verdsarvparken skal gjere, korleis det kan gjerast og kvifor. Del to av planen består avei utdjuping av grunnlaget for Verdsarvparken og verdsarvstatuse til Nærøyfjordområdet.
Den første versjonen av Parkplanen er vedteken av styret i Verdsarvparken. Planen skal rullerast etter ei toårig periode og deretter innarbeidast i det kommunale plansystemet.
Handlingsplan
Handlingsplanen er saman med parkplanen det styrande dokumentet for Nærøyfjorden Verdsarvpark sin aktivitet. Handlingsplanen er resultatet av ein prosess køyrd hausten 2010 i samråd med partnarane våre, og godkjend av styret 8.desember 2010.
Handlingsplanen er eit dynamisk dokument som vert oppdatert i tråd med initiativ og tilgjengelege ressursar.
Handlingsplanen for 2011 finn du her


